UVS Vest AS

Litt historie

Brødrene Hallvard Mæland og Magnus Mæland starta firmaet UVS Vest AS i 2018. Firmaet held til i Hardanger og har største del av oppdraga i Hardangerfjorden.

Det heile starta med ein fjernstyrt undervannsfarkost/undervannsdrone kalla ROV (Remotely Operated Vehicle), og innkjøp av ein praktisk båt. Båten, ein Bella 572 c, kan flyttast raskt både langs sjø og veg. ROV-systemet vert fjernmanøvrert frå båten.

Etter kvart vart det behov for større båt. I 2020 gjekk UVS Vest til innkjøp av ein 26 fot båt.

Også utstyrsparken har utvida seg sidan starten. No har UVS Vest AS to stykk ROV med fleire ulike system. Eit mobilt kontrollrom som kan fraktast med bil er skaffa. Her kan ROV-en med ulikt utstyr styrast til ulike oppgåver. Det mobile kontrollrommet kan heisast med helikopter og løftast ombord på større fartøy om nødvendig. Dette gjev fleksibilitet om oppdraga er til fjells eller langt vekke.

ROV/Undervannsdrone

ROV/Undervannsdrone er i mange tilfelle eit godt alternativ til dykking, spesielt når det kjem til inspeksjon av områder som er for langt ned for dykkarar å koma. Ein fjernstyrt ROV/undervannsdrone utstyrt med HD-kamera og anna utstyr gjer den mogleg til å utføre nyttig arbeid djupt under vatn.

Medan fjernstyraren set tørt over vannoverflata, anten i båt eller på land, dykkar ROV-en ned og dei kan gjera inspeksjon av til dømes fortøyning, båfeste eller oppankring ved marina, eller merd på oppdrettsanlegg. Ulike system til undervannsdrona/ROV-en gjer arbeid som spyling/rensking eller flytting av fortøyning enkelt. ROV-en kan dykke ned til 300 meter.

ROV-ane er ustyrt med HD-kamra slik at dokumentasjonen vert best mogleg. Alle oppdraga som vert utført vert tatt opp og lagret på ein server som kunden får tilgang til.

Det fyrste utstyret.

Dagens utstyr

  • ROV

  • 26 fot båt med maks fart 37 knop

  • Mobilt kontollrom for landanlegg

  • Mobilt utstyr

  • Høgtrykk-spylesystem for ROV

  • Fleire seperate ROV-system

  • Diverse vinsj-system på båt

  • Datalagring

To undervannsfarkostar/undervannsdroner kalla ROV (Remotely Operated Vehicle) kan dykke ned til 300 meter.

ROV-systema vert styrt frå kontrollrom på båt eller landanlegg.